torsdag 18. desember 2008

Hagar til glede for kvinnene!

I prosjektet PSAT har vi for ikkje lenge sidan satt i gang et prøveprosjekt for å hjelpe kvinner til hagedrift med dyrking av diverse næringsrike grønnsaker og buskar. Vi satt opp ganske strenge kritierer til egeninnsats for at prosjektet skal bygge på engasjementet og viljen til kvinnene. Vi opplevde raskt at kvinnene mobiliserte fullt i fleire landsbyer. Vi har nå satt opp ein egenandel i pengar på mellom 1000 og 4000 kroner, avhengig av størrelse på hagen, og vi ber om at alt fysisk arbeid utførast av dei. Til tross for desse "strenge" kriteriar har vi opplevd eit ras av landsbyar som vil byrje med hagar. Vi har eit tak på 3 i første omgang. Desse 3 er oppe allereie då kvinnene med god hjelp av mennene har bidratt med spader og eselkjerrer for å gjere jobben. Personen som er ansvarlig for opplæring og organisering er Etienne Keita, som forøvrig er kyrkjepresident i den nasjonale kyrkja her. Han har jobbet med hagar i ei årrekke, og påstår han ikkje har sett så stort engasjement som det han opplever i området her. Og det er jo ein fin attest. Men det er klart at dette er eit prøveprosjekt, så får vi evaluere etter kvert.
Det "nye" vi opplever meir og meir er at til tross for at dette er et reint kvinneprosjekt så stiller mennene veldig bra opp. Og det gjer jobben enklare.
I dag hadde vi ei arbeidersamling der vi snakket om kor viktig det er at prosjektet møter engasjement og arbeidsinnsats i landsbyane og ikkje passiv forventning om "gåver". Vi må understreke at vi ikkje er eit gåveprosjekt, men eit støtteprosjekt. Som støtter befolkninga i å utvikle seg etter eigene behov og kapasitet.
Brønnprosjektet har på mange måter bana veg for hagane. I brønnprosjektet er vi heilt avhengig av full mobilisering, hvis ikkje stopper det opp i landsbyane. Dette "gode" rykte har nå spreidt seg i mange landbyer og då blir det med eit moro å drive med utviklingsarbeid på den fattige landsbygda i Mali. Det kan innimellom være litt tøft å drive prosjekt, men desse nye hagane har gjeve oss eit løft og ein god følelse. Så får vi bygge vidare på dei positive sidene.
Livet her nede i Mali har lært meg at det er veldig viktig.
Hølje

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei.
Tenkte jeg kunne legge igjen en kommentar, jeg følger jevnlig med på bloggen deres. Liker å lese hva som foregår der nede. Kjekt å lese fra livet i Tambaga. Hilser dere alle på vegne av Unges Misjon, Vigrestad. Guds velsignelser for året 2009 for dere de nede :)