
Det er ikkje tvil om at området vi arbeider i er eit området der kvinnene på mange måtar har stått på sidelinja i utviklinga. Der kvinnene si utdanning og også helse har hatt skremande låg prioritet. Ein anslår at over 90 % av kvinnene er analfabetar. Men dette er verkeleg no i endring.
I den seinare tid har vi i prosjektet PSAT spissa oss meir og meir inn mot kvinneretta tiltak på fleire områder. Vi har til og med ein person, og det er ein mann, som vi berre kaller "Mannen for damene", Nuhan, som berre jobber med kvinneretta tiltak i PSAT. Han har blitt veldig flink til å kommunisere og mobilisere damene. Og damene likar han godt. Vi har eit kornmølleprosjekt der vi i skrivande stund arbeider med kvinneassosiasjonar i 15 ulike landsbyar. Vi har fått installert 17 møller. Nyleg installerte vi den 17 mølla i ein landsby. Kvinnene, godt støtta av mennene, hadde samla inn over 6000 NKR, og bygd huset for mølla på dugnad. Nå har vi sørga for å kjøpe ei solid mølle(den kostar ca. 15000 NKR) og installert den skikkelig og vi har eit opplæringsprogram klart på eit par månader. Etter dette skal kvinnene sjølve styre alt. Vi har i dei fleste landsbyane vi har gjort dette erfaring med at møllene går godt. Og så kan vi gå vidare.

Eit senegalesisk ordtak seier: Når du utdanner ein mann, gir du utdanning til eit individ. Når du utdanner ei kvinne gir du utdanning til heile familien, ja heile samfunnet.
Her ligger ein ikkje liten hemmelighet.
Vi i PSAT har følgande målsettingar:
-vi vil oppmuntre og tilrettelegge for at alle jenter får gå på skule.
-vi vil i alfabetiseringsarbeidet(lese,- skrive og rekningsarbeid) at minst 70 % av dei som blir alfabetisert er kvinner.
-vi vil at kvinnene skal føde under betre forhold og at fødselen skjer assistert. Vi er difor innvollvert i 6 fødestoger og planlegg bygging av 3 andre i avsidesliggande områder
-vi vil arbeide for å begrense og i det lange løp stanse omskjæring av jenter.
-vi vil styrke inteksskapande arbeid for kvinner med særleg vekt på kornmøller og hagebruk.
Under kvinnedagen i Tambaga 8 mars deltok eg saman med ordførere og andre myndighetspersonar. Når vi ser at kvinna si helse og utdanning er blitt lågt prioritert går det ut over heile samfunnet.
Det som er så moro er at fleire og fleire av mennene ser at kvinneretta tiltak er noko bra og dei stiller veldig opp for kvinnene. Dette har vi sett veldig tydelig både i mølle arbeidet og hagearbeidet. Og vi ser at mennene mykje meir enn før vil at jentene deira skal gå på skule.
Å satse på kvinna er å satse på ei betre framtid for alle.
Hølje
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar